Certina DS Action Diver All-black

DS Action Diver er Certina si klassiske, fullt utstyrte dykkerur, også ein verdig arvtakar til Certina sin DS (Double Security)-konsept som først blei brukt i ei automatisk støtsikker og 200 meter vasstett klokke i 1959. Ei perfekt klokke til alle forhold, om du skal på eventyr eller berre til kvardagen.

Certinas Double Security-teknologi frå 1959, som var basert på O-ring pakningar på urkassa og krona, baklokket blei også forsterka. Ein slik utrustning av klokker var ikkje vanleg, og markerte ein ny retning. 64 år seinare er DS-konseptet fortsatt sterkt og sikrer at DS Action Diver oppfyllar dei offisielle ISO 6425-standardane for dykkerklokke.

Sjølv om det nye dykkeruret er 43 mm i diameter og 13,10 mm i høgden, får den svarte PVD-belagte rustfrie stålkassa, skruekrona og kronebeskyttera den til å sjå mykje meir kompakt ut. I likhet med 2022-utgava, erstattar ein meir holdbar keramisk bezel, aluminiumet på tidligare utgåvar av modellen. Den keramiske bezelen er matt svart med graverte markeringar, og har ei lysande perle istedenfor talet “60”.

Kontrasten mellom den svarte urskiva og dei kvite elementa gjer den enkel å lese. Dei kvite elementa er behandla med Super-LumiNova som lysar blått i mørket. Timane blir angitt med ein kort pilspiss. Den lengre minuttvisaren har ein trekanta spiss, og den sentrale sekundvisaren er i lollipop-stil. Ved 3-tallet er det ein liten åpning til datofunksjonen. Alle inskripsjonar på skiven er kvite.

Baksiden av dekselet viser det nedskrudde baklokket med ei skilpadde – Cetina sin logo. Du kan også sjå fjærstengene som brukast til å feste den svarte NATO-stroppen. Laget av #tide ocean material, som bruker resirkulert plast gjenvunnet frå havet. Den nye DS Action Diver er utstyrt med Powermatic 80-urverk utvikla av Swatch Group. Dette urverket har ei gangereserve på 80 timar. Prisen er 11.100 kroner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *