Certina og deira DS konsept

Tekst: Kenneth Gjerde

Sveits har ei lang historie for å lage kvalitetsklokker, og er gjerne det landet i verda som er tettast knytt opp mot ur og urverk. Og det var nettopp i Sveits, nærare bestemt i byen Grenchen at brørne Adolf og Alfred Kurth starta opp sitt eige verkstad. I verkstaden, som var ein del av bustaden deira, laga brørne urverk og delar som blei seld til og nytta av andre klokkeprodusentar. Dei var då berre tre tilsette, dei skulle i framtida bli mykje større og få fleire tusen tilsette på verdsbasis.

I 1906 introduserer brørne Adolf og Alfred Kurth merket «Grana», som var ei forkorting for «Granacus», det latinske namnet for Grenchen. Grana blei ein direkte suksess og hausta lovord og prisar for framifrå kvalitet.

Sikker og stilsikker.

I 1939 registrerar brørne Kurth namnet Certina som det nye namnet på merkevara. Certina kjem av det latinske ordet «certus», som det engelske ordet «certain» kjem frå. Eit namn som skulle spele på det som Certina alt var kjend for, ei sikker klokke av god kvalitet. Namnet var også lettare for fleire språk og uttale, noko som som gjorde det lettare å introdusere også utan for Sveits sine grenser, då det blir uttala omtrent likt på dei fleste språk.

Slutten av 1950-talet var nokre definerande år for Certina. Det var nemleg i 1959 at Certina tok til å nytte skjelpadda både i logoen, men også på baksida av klokkene sine. Skjelpadda, med sitt hardføre og robuste skal er eit treffsikkert symbol på kva Certina strekkjer seg etter å levere, ei robust og sikker klokke med lang levetid.

Double Security-konseptet

  1. Safirglass
  2. Pakning i stillemekanismen
  3. Dobbel pakning i kronen
  4. Spesialpakning i baklokket
  5. Forsterka baklokk

Certina DS.

I Starten av 1959 kom Certina DS på marknaden. DS står for «Double Security» og skulle gje den nye klokka nettopp dette. Dobbel tryggleik. Minst. DS konseptet var banebrytande og overlegent alle andre klokker på si tid. Det unike med DS var at urverket vart sett inn i ein veldig stabil og tett urkasse i rustfritt stål. Det var særleg tre element som var viktige i dette designet. Det var; urkassen, urverket og urskiva kom aldri i kontakt med kvarandre, ettersom dei anten av åtskild med eit luftlag eller ein gummipakning. Dette smarte designet gjorde det mogeleg for urverket å røre seg fritt i alle retningar inne i kassa. Vidare gjorde dei elastiske slagabsoberande  pakningane til at urverket kunne «flyte» fritt inne i urkassa og kunne på den måten tåle kraftigare støyt. Dei fleste andre klokker på denne tida brukte hard plastikk eller metall rundt urverket. I tillegg til denne innovative løysinga rundt urverket, hadde også DS klokkene forsterka baklok, pakningar i gummi på alle opningane i kassa, og ekstra tjukt glas. DS klokkene var så banebrytande og vellaga at dei kunne tåle eit fall i frå 6 meter , der dei leiande klokkene i samtida kunne maksimalt tåle eit fall i frå ca 1,8 – 2,2 meter.

Frå høge toppar til havets botn.

Utover 1960- og 70-talet heldt Certina fram med å utvikle og forbetre klokkene sine. I jakta på forbetring ville Certina utsetje sine DS klokker for dei mest ekstreme forhold. I 1960 fekk Certina absolutt mogelegheit til å teste kor robuste Certina DS klokkene var, då dei tok føre seg Himalaya. 13 mai 1960 klarte eit sveitsisk lag, under leing av Max Eiselin å nå toppen av dåtidas nest siste 8000 meterstopp, Dhaulagiri(8167m). Alle medlemmane på denne ekspedisjonen var utrusta med ei Certina DS Automatic(ref.nr: 5601 003 m/dato). Med denne ekspedisjonen beviste Certina også i praksis at det var den mest robuste klokka i verda. På Baselworld i 2016 vart denne relansert som Certina DS-1 Powermatic 80 Special Edition.

På 60- og 70-tallet, tok Certina initiativet til å demonstrere kor robuste klokkene deira faktisk var. Via diverse engasjement i ein serie forskingsprosjekt og ekspedisjonar, blei klokkene utsatt for kraftige påkjenningar i både svimlande høgder og dei mørkaste djup. Erfaringane inspirerte Certina til å utvikle klokker spesielt tilpassa eit liv under vatn. Ein av desse var dykkarklokka DS PH200M.

Gammal slager i ny drakt

Det siste frå Certina er gjenopplivinga av dette fantastiske uret frå 1960 talet. Certina DS PH200M viser ein saumlaus fortsetjing av det klassiske designet frå det historiske dykkaruret frå 60-talet kombinert med eit moderne automatisk urverk.

I 2018 presenterte Certina ein ny utgjeving av den gamle klassikaren DS-2 PH200m. Med ein diameter på 42,8mm og ein passande svart einvegs roterande bezel.  Den svarte skiva med det karakteristiske røde krysset, sverdvisarne, og det roterbare bezelet med dykkarskala, gjer klokka slåande lik den barske forgjengaren. Eit tydelig bua glas av hesalite, bidreg til ein ekstra dose autentisitet. Det er langt i frå berre det ytre som er inspirert av den eldre klassikaren. Også innvendig ser vi likskapar med forgjengaren. Også denne nyskapinga baserer seg på DS konseptet. Dette systemet med elastiske pakningar, skrudd krone og eit solid baklok gjer at dette råtøffe dykkaruret er vassresistent ned til 200 meter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *